HJORTEJAKT TIL LEIGE

ÅJFF leiger ut hjortejakt

Vi har jobba nokre år med å skaffe storviltjakt til våre medlemar og da unge jegrar spesielt. Godt samarbeid med grunneigarar har gjort at vi no kan tilby hjortejakt.  

Hjort


ÅJFF leiger ut hjortejakt

ÅJFF leiger ut hjortejakt i 3 områder. Intensjon med utlege av hjortejakt i vår regi er at vi skal gi unge jegrar eller andre som ikkje har tilgjenge på eigen jakt eit tilbod

Vi har fire jaktområder til disposisjon.

To jaktfelt knytta til Fardalen storvald. Ein spissbukk i eit felt og kolle med kalv i felt 2. Strekker seg frå Avdalen til Nundalen.

Årdal vestre statsallmenning, her er det jakthytte med i leiga. 4 løyver

Tronskogen i Luster, grensa til Årdal og statsallmenning, 4 løyver.

ÅJFF ønsker i hovudsak at yngre jegrar skal skaffe seg jakterfaring og gjerne delta på jaktlag i lag med erfarne jegrar. Jaktlag med ungdom på laget vert derfor prioritert.

Det er kun jaktlag som kan søke.  Medlemar i ÅJFF vert prioritert og vil ha rimligare leige en dei som ikkje er medlemmer.

 Spørsmål og søknad

Vidar Moen

91388642

Vid-moen@online.no

Vi vil prioritere medlemar og jaktlag med ungdom i laget.

Vi har jobba nokre år med å få til hjortejakt til våre medlemar, håpar det vert vel teke i mot sjølv om vi er seine med å legge det ut.

Prisane vil variere i dei ulike områda. Ta kontakt for avklaring

Vi avgjer tildelingen innan 18 september.

Tilbake