ÅJFF STOPPAR RYPEJAKTA FOR 2015/16

Med bakgrunn i taksering av ein del av våre områder har ÅJFF vedtatt å stenge småviltjakta i  2015/16.

Rypejakt avlyst


Resultata etter takseringen syner ein for låg bestand til å kunne hauste av.

Årsaken til den lave bestandene kan være mange, men me må anta at auka predasjon på grunn av kollaps i smågnagerbestanden i tillegg til ein kald og fuktig sommar. Kulden er åleine treng ikkje vere hovedårsak men med store snødekte areal til langt utover sommaren vil tilgang på beite for kyllingar og hønemor vere ein utfordring. Lite barflekker gjer konkuransen om reirplassane vanskeleg og kun dei sterkaste klarar seg vidare. Kyllingane som lev av proteinrike innsekter dei første dagene av sitt liv har nok hatt tøffe tider og mange har bukka under.

Å tillate jakt i år vil kunne medføre at vi tek ut bæregrunnlaget for fortsatt å kunne jakte dei nærmaste åra. Ein pause på eit år har vi vurdert til å vere ein god investering for fortsatt å kunne drive jakt dei neste åra.

Vi har taksert tilsaman 34,3 km etter liryper og 10 km  etter fjellfugl. Totalt taksert areal er berekna til 20km2, det vil sei 4,8 ryper pr km2.  Totalt 37 vaksen fugl og 59 kyllingar.  Det vart observert 16 kull som resulterte i snitt: 3,7 kyllingar pr. kull.  Ant i snitt pr observert voksen høne vart 2,8 kyllingar.

Vi beklagar at vi ikkje klarte å taksere området før vi la ut korta til salg og såleis kunne unngått ein del problem eller øydelagt haust for nokre.

Dei som har kjøpt jaktkort vil få refundert kortprisen.

Tilbake