Godt fiske i Årdalsvassdraget så langt.

Gjenutsetting I utgangen av veke 33/2014 har vi tatt meir laks en ved sessongslutt i fjor. For sjøauren er vi på omlag same tal som ved endt sessong i fjor.

Vi ser og ein positiv endring hjå fiskarane, tal på gjenutsatt fisk har auka og stor sjøaure vert satt ut igjen.


Årets fiskesesong ser ut til å verte omlag lik forrige sesong når det gjeld sjøaure. Når det gjeld laks ser det ut som om at vi skal kome opp mot rekordåret 2009 da vi hadde 91 laks med ei samla vekt på 325 kg. Utgangen av veke 33 ligg vi på 77 laks på tilsaman 308 kg

Fiske av sjøaure har gått jamt nedover sidan 2004 men ser ut til å ta seg opp litt dei siste to sesongane. Laksefiske har tatt seg opp ein del sidan vi fekk løyve til å fiske på denne igjen i 2003. 

Dette er rapportar som vert lagt inn på fiskebørsen. Det vil sei opp mot 100% av det som vert tatt i regi av ÅJFF. I tillegg kjem det som vert innrapportert frå private fiskevald.

Hæreidselva står for 50 % av fangsten 131 stk 371 kg  av dette er 53 laks på tilsaman 217 kg.

Årdalsvatnet 24 fiskar på tilsaman 61 kg av dette er det 6 laksar på tilsaman 15,4 kg

Årdøla 62 166 kg, av dette er det 6 laksar på tilsaman 16,8 kg

Utla 37 fiskar på tilsaman 130 kg Av dette er 12 laksar på tilsaman 58 kg

Av 78 fanga laks er det 54 som ikkje er feitfinneklipt. Det vil sei at 24 er feitfinneklipt og truleg er frå Fortun. Denne trenden har gått nedover dei seinare åra. Til no i år 31%, feitfinneklipt, 2013 – 33,8%, 2012- 33,3%,  2011 – 40%, 2010 – 55%, og 2009 - 66%,

 

Av 184 sjøaurar er 9 feitfinneklipt, det vil sei at dei er Årdøler klekt i vårt klekkeri. Det vil og sei at 4,6% av den fisken vi har fanga til no i år er produsert i klekkeriet.





























Gjenutsetting av fisk

Det som er gledeleg er at siste veka er at det er satt ut igjen større fisk, dei som skal sikre tilveksten i vassdraget er viktig at vi slepp opp i elva for å gyte. Av total fangst siste veka på 35 fisk er 34% satt ut igjen. Det er  satt ut igjen 3 fiskar på over 3 kg den eine på 5 kg. I Hæreidselva er 9 av totalt 13 fiskar gjenutssatt. Fiskarar som gjer dette har skjønt at vi som praktisk utøvande forvaltarar har eit ansvar for å skape vekst og bidra til å sørge for ei berekraftig utvikling.

Gjenutsetting av fisk er kun pålagt dersom den er under minstemål på 40 cm. Det er gledeleg å registrere at vi år har satt ut langt meir og større fisk en tidligare. Dette er gjort på frivillig basis av fiskarar med god moral.

Vi veit at tilhøva i elva hjå oss ikkje er optimale med tanke på alle dei utbyggingane vassdraget har gjennomgått. Det er ikkje tilhøva i elva som er årsak åleine  til redusert fiske i høve til i «gamle dagar» Det er ikkje så mange år sidan (2002) at det vart tatt opp over eit tonn med sjøaure. Vi veit at mattilgang i fjordar er utfordrande og problem med lakselus aukande. Dei siste er det vanskeleg for oss å gjere noko med, utanom å vere med å bidra til innsamling av fakta om lus og fiskens vandring i fjordsystem og i havet. Kunnskap her kan bidra til at myndigheitane set inn dei rette tiltaka for å redusere skaden på villfisken.

I elva er det vi som kan bidra med redusert fiske, gjenutsetting av fisk  og ikkje minst påvirke utbyggar til å gjere dei rette avbøtande tiltaka etter kraftutbyggingen. Vi har sett ein dårleg utvikling når det gjeld yngel i Årdøla (Storelvi) spesielt. Dette er og den delen av vassdraget som er mest påvirka av vasskraftutbyggingen. Utviklinga på tilveksten av ungfisk i denne delen av vassdraget vil ha påvirkning av kva elva klarar å produsere av fisk i framtida.

Laurdag 23 august har vi kurs i fiske etter laks og sjøaure. Her vil det og vere fokus på korleis ein skal sette ut fisk med minimal skade for fisken.

1 . september skal vi fiske til forskningsprosjektet KUSTUS, her er målet å fange inn 25-30 sjøaurar som skal merkast med sendar. Her er kunnskap om skånsom handtering av fisken viktig for å unngå skade på fisken.








































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































 


































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































Tilbake