Informasjon jakt og fiskehytter

 

Mannsberg 1


Hytta ligg på vestsida av vatnet ca. 30 minuttars gangtid fra bilen. Enklaste tilkomst er fra steinbruddet og opp etter annleggsvegen. Det er 4 sengeplassar og muligheit for oppvarming med parafinovn, parafin må medbringast, kun lampeolje.

Mannsberg 2


Hytta ligg på austsida av vatnet ca. 1 time 30 minuttars gange fra bilen. Det er fleire muligheitar til Mannsberg 2, men den greiaste er vel å gå om Mannsberg 1 og deretter gå på nordsida av vatnet inn til hytta.

Buvatnet


Hytta er Årdal JFF si nest nyaste hytte og ligg ligg på vestsida av vatnet, ca. 1 time og 15 minuttars gange fra demningen på Tyinosen. Det er delvis merka gangsti fra demningen og opp til toppen, etter ca. 30-40 minuttars hard stigning ser ein vatnet. Derfra ber det ned til hytta. Det er 4 sengeplassar, vedovn, oljeovn, kokeapparat og gasslampe. Ein kan ikkje basera seg på at det er ved på hytta so ta med lampeolje til ovn. Gassboks til kokeapp. og gasslampe er den typen med gjenger. Det er mulig å bruka båt til fiske. Redningsvest skal brukast når ein er i båten, hugs vatnet er kaldt i høgfjellet. Vestane heng i boden. Det er bru over bekken, i utløpet av vatnet.

Vasspollane


Hytta ligg på sørsida av vatnet. Her er fleire vegar å komma til hytta på, ein kan gå om Buvatnet og over til Vasspollane eller via Mannsberg 2. Det er ein tur som ein må rekna med vil ta 2 timar og 30 minutt. Når ein kjem fra vil ein finna fleire vatn med svært gode muligheitar for fiske med oter og stang, fisken er fin med muligheit for gode fangstar. Det er 4 sengeplassar i hytta med muligheit for oppvarming med oljeovn, ta med lampeolje.

Nye Krekja


Hytta ligg på austsida av vatnet. Enklaste vegen er via Øvre Biskopvatnet etter å ha parkert ved bommen på gamlevegen. Følg deretter gamlevegen ca. 15 min. før ein tek til på stigninga mot Biskopen, det er delvis sti. Det er 4 sengeplassar i hytta med muligheit for oppvarming med vedovn og oljeovn, ta med lampeolje.


Skogsvatnet

Hytta ligg på knubben rett etter osen, på nordsida av vatnet. Det greiaste er å køyra opp Rausdalen, og so kan ein følgja elva til vatnet. Normal gange ca. 45 min.

Sletterustvatnet

Hytta ligg på nordsida av vatnet. Det er berre å køyra til Sletterust og ta gamlevegen mot 1000 meteren, parker ved fyrste vatninntaket til Hydro. Gå mot skaret, der bekken fra vatnet kjem ned. Det er delvis sti langs bekken til vatnet. Ca. 1 times gange.

Trollsjøen


Tilbake