Jakt i Årdal

Jaktområder/Grenser

Vi har no utvida våre jaktområder med over 120 000 da småviltjaktterreng og  har no tilsaman 350 000 da
ÅJFF har i år utvida sine jaktområder til også å gjelde nordsida av Øvre Årdal, Fardalen. Området er fjellområda fra Nundalen i vest og inn til Maradalen i aust. Det inneheld privat område og Årdal Nordre statsalmenning.
Vi velger å dele våre områder inn i to soner.
Fadalen og Sletterust
Sletterust er samansett av eigedomane Moen, Vee og området Årdal Austre Statsalmenning, Årdal Nordre og Årdal Vestre Statsallmenning.
Fardalen gjeld fra Nundalen i vest austover med Hurrungane, Gravdalen og til og med Midtmaradalen.
Den enkelte jeger er i alle høve plikta til å setje seg inn i gjeldande reglar vedrørande grenseoppgangar ved å nytte offentlig oppdatert kartmateriale.

Vi selger sessongkort og vekeskort samla for kvar sone. I tillegg så sel vi dagskort som då berre gjeld for Årdal Austre statsalmenning.  
Den enkelte jeger er i alle høve plikta til å setje seg inn i gjeldande reglar vedrørande grenseoppgangar ved å nytte offentlig oppdatert kartmateriale.

Sjå linkar for kart til det enkelte område.
Småviltjakta skal ikkje vere til hinder for storviltjakta.
Det er forbode med småviltjakt i skraverte områder på kartet.
Det er forbode å jakte i eller nær hytter i områda ! Bruk allmenn sunn fornuft !
Innan desse to områda er det vidare ikkje fleire avgrensingar.

Hytter

Foreininga eig fleire hytter i jaktområdet.
Utanbygds kan også leige hytter. Det vil i år gå gjennom www.inatur.no  - kjem tilbake med meir info.
Nærare informasjon får du ved å gå til innhaldsmenyen og Hytter.

Framferd

Tenk sikkerheit for deg sjølv og omgivnadene! Det er fleire hytter innan jaktområdet !
Synlege spor som tomhylser, flasker og papiravfall er uønska !
Det er usportsleg å forfølgje rypekull/flokkar av dyr for på nytt å få fleire skotsjansar.

Hugs at det er du som er gjest i naturen !