UNGDOMEN KLINKAR TIL I HÆREIDSELVA

Sigve på 11 og Halvor på 15 landa kvar sin laks i Hæreidselva.

Sigve Saur Midtun laks 04.07.16 -6,5 kgHalvor Hovland med laks 04.07.16- 9,6 kg

Sigve Saur Midtun på 11 år har kasta med flugetroa eit par sesongar. Han har i lag med pappa, Jim Midtun, stått tolmodig ved elvebreden mange kveldar. I år fekk han belønning for strevet med ein flott laks på 6,5 kg.

Harlvor Hovland har liten erfaring med laksefiske men har fiska fjellaure i Vikadalsfjelli. I dag ville han freista lykka som laksefiskar.

Alle under 18 år og som er medlemar i ÅJFF fiskar gratis på dei valda ÅJFF leiger. Halvor melde seg inn i dag kl 15, og fekk utdelt fiskekort på Tangen sport.  Han fant ut at han måtte byte sen fra 0,20 til 0,40.  Etter å ha kjøpt ny og bytta på snella bar turen i Hæreidselva. Ikkje mange kasta etter sat det ein rugg på 9,6 kg.

Vi håpar dette inspirerar andre ungdomar til å prøve lykken som laksefiskar.  Det er hjelp å få både med tanke på utstyr og opplæring.  

Dugnad 

Dugnadsbilder

Dei siste åra har vi hatt stor aktivitet, mykje er gjort av mange hender.

Les meir »

Utladalen camping gir 10.000 kroner til prosjektet på Loi.

Prosjektet på Loi er takksame for gåva fra Utladalen camping, her ved Tom Høvik.

Tom Høvik og Liv Reidun Nesse ved 

Utladalen camping har bestemt seg for i gi kr 10.000,- til

prosjektet med å bygga fiskeplass, rasteplass og informasjon på Loi.

Les meir »

Hytta i Indre Mannsberg er reist og klar for vinteren

 

20130811_163834

Atilla Madocs, Stein Erik og Ørjan Styve har bygd ny hytte i Indre Mannsberg i sommar.

Les meir »

Vellykka leirduestemne i Mjøen

Premieutdeling

ÅJFF arrangerte for fyrste gong på 14 år stevne på leirduebana i Mjøen. Det var heller ikkje noko vanleg stevne. Det gjekk over 2 dagar med 50 skudd kvar dag. Den som var best etter 100 skot vart stevnevinar.

Les meir »

Fiskesessongen godt i gang

Etter mange månadars venting er fiskesessongen endeleg i gang i Årdal. Mange fiskarar hadde oppmøte i gapahuken i Hæreidselva søndag kveld i påvente av at klokka skulle slå 24.

Les meir »